Ole-Peder Kristian Holmberg 30 år i dag

Postet av Atle Jomar Hole den 16. Sep 2024

I dag hyllar vi guten som ville bli fly-mekanikar, men som vart togførar.

Ole-Peder Kristian Holmberg voks opp i Bruahaugane og i Holmbergs gartneri på Hole i Velledalen.

At guten skulle debutere tidleg i Konradløpet låg i korta. Alt i andre løpet som vart arrangert – i 2003 – debuterte Ole-Peder. Statistikken seier at 9-åringen vart klokka inn på 33.21. Tidene vart raskt pressa nedover. I 2010 kom han inn på den letthugselege tida 20.00. Den stod som personleg bestetid til 2017, då han trykte til med 19.56. Gartnar-sonen gjorde sitt siste Konradløp i 2019. Etter det kom to år med covid, før Ole-Peder dei tre siste åra har vore oppteken på andre hald (arbeid). Men 16 Konradløp er sterkt, av ein som har vore ganske mykje borte frå sin kjære barndomsdal.

 Ole-Peder har alltid hatt dragning mot fly. Han var tidleg klar på at det var fly-mekanikar han skulle bli. Sjølv om han jobba nokre år på Vigra, med flyge-maskiner og bagasje, endra han etter kvart kurs. Han gjekk frå fly til tog, og enda opp som Velledalen sin fyrste springande togførar. Siste åra har han hatt inspirerande trenings- og konkurranse-samkvem med Jernbaneverket sitt idrettslag i Trondheim, i tillegg til «oppbakking» frå løpsmiljøet i Velledalen IL.

 

Som ein «ekte Holmberg», skuggar heller ikkje Ole-Peder unna kraftprøver. Han har gått ein god skule hjå syskjenborna Emma og Christina i så måte. Siste to åra har han sprunge halvmaraton i Trondheim. I år kom han inn på finfine 1.51.53, meir enn 22 minutt raskare enn i fjor, trass i at han mindre enn veka før løpet melde på trenings-appen «Strava», at det vert nok ein DNF («fullførte ikkje») neste laurdag. At togføraren på Nordlandsbana har ei slankare framtoning enn tidlegare, løfter òg resultata, ved sida av trening. Vi vil tru han er kandidat til prisen «Årets Framgang», om ein slik finst under Idrettsgallaen for 2024.

 

Om Ole-Peder nokon gong vert Velledalen sin neste «drivhus-konge» står att å sjå. Dei korta slepp han heldigvis spele ut som 30-åring. Uansett er han ein friskus som miljøet i Velledalen IL set pris på.

Gratulerer med 30 års dagen, Ole-Peder!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.