Nærmar seg sesong for fleire av løparane våre
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Mar 2025

Åtte møtte til laurdags-trening på Ikornnes Idrettspark
Frode Mauren har sendt oss eit foto frå dagens VIL-trening. Seks menn og to kvinner, og mellom desse gledelg nok også ein tenåring.
Frode melder at det i dag vart sprunge 12X400 meter i tre seriar. Det er fritt fram for å springe både meir og mindre – opp til den enkelte.
Om ei veke går Drammen 10 km av stabelen. Der stiller Velledalen IL ein fyldig tropp – stort sett løparar frå Velledalen IL, avdeling aust.
Løpet i Drammen er kjend for flat løype og gode tider, slik at dei som stiller der får ein fin, og nyttig peikepinn på eiga form.
Vi kjem om kort tid tilbake til lokale løp i april månad.
Vi ynskjer alle våre aktive lukke til med treninga!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025