Godt besøk ved trimposten i Holemarka
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Apr 2025

Langt over 600 noteringar halvvegs i sesongen
Snøen brukar vere seig somme stadar langs vegen innover i Holemarka. Men sesongen som strekkjer seg frå oktober 2024 til oktober 2025 vart litt annleis. Vinteren 2025 må reknast som eit tilbakelagt stadium, med rekordlite snø. Unntaket var tidleg i januar, men den reiste like fort som den kom. Såleis har vintersesongen for turgåing til fots, vore ualminneleg god. Difor er det venta ein solid sesong for alle Velledalen IL sine postar.
Topp-5 Holemarka torsdag 3.april:
105 turar: Nils Terje Skylstad
73 turar: Myriam Van Wunsel
51 turar: Ingrid Peeters
50 turar: Sissel Brunstad
42 turar: Atle Hole
33 – 27 turar: Lasse Lundstad, Stijn De Smedt, Per-Gunnar Holmberg og Ove Skylstad.
Trimposten i Holemarka er den mest barnevenlege av Velledalen IL sine 15 postar. Går ein frå Lade, er turen ganske så flat. Litt tøffare om ein går frå Hole. For dei spreke kan turen forlengjast opp til Myrdalsstølen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025