Fin 2.plass til Nikolai under Årefjorden Rundt
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Sep 2024
Nikolai Handle Jensen pussar på forma til Hytteplanmila med Årefjorden Rundt.
Vi veit ikkje så fælt mykje om løpet Årefjorden Rundt. Men vi har forstått det slik at løpet har to løypelengder, der lengste alternativet er kring 13 km. Sidan løpstida til Nikolai er 47.12, er det nok denne distansen vår mann har lagt bak seg. Elles tel løpet med i eit karusell-opplegg med fleire løp i nærleiken av Moss.
Dei ti beste i M 35-39, Årefjorden Rundt 2024:
- Simen Nieuwlaat, Rygge IL, 44.29
- Nikolai Handle Jensen, Velledalen IL, 47.12
- Nikolai Nitter, Noteam, 47.33
- Kim Launy, RPRB, 48.15
- Henrik Sørling Pedersen, Moss IL, 52.09
- Marius Sierra, Sierra Cycle Club, 56.03
- Fredrik Nilsen, Noteam, 56.48
- Asim Akram, Multiconsult BIL, 57,53
- Christian Nordahl, Noteam, 57.59
- Simen Holm, Akribi, 58.01
Vi vil tru Nikolai har ny bestetid som mål under Hytteplanmila om knappe tre veker. Han har gjort det godt der før, kanskje kan ei tid kring 34.20 vere realistisk for løparen som gjennom hovudsesongen satsar mest OCR-hinderløp i tospann med sambuar Anette Heimli Jokstad.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Lervåg over heile fjøla i skogsvegen Drabløs
07.04.2025

Klubbrekord på 10 km av Constantin
07.04.2025

Sterke VIL-veteranar i Atlanterhavsløpet
06.04.2025

Espen 2.33.39 under maraton-trening i Bergen
06.04.2025

Andreas sprang Campus-løpet i Ålesund
06.04.2025