May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jun 2025
Bergen Fjellmaraton vart arrangert i dag, torsdag 5.juni, med fleire tusen deltakarar
Bergen Fjellmaraton vart arrangert for tolvte gong. Løpet er ein halvmaraton over Vidden med start på Montana og mål på Skansemyren. Ein kan stille i turklasse eller i konkurranse-klasse
Dei raskaste i turklassa:
Herre: Sebastian Fluge, Dragefjellet Løpeklubb, 2.04.01
Kvinne: Margrethe Olsen, Noteam, 2.19.02
Løpet er slik at turklassa startar først, deretter kjem konkurranseklassa. Ikkje uventa gjorde May Evy Nesheim det skarpt i klasse K 50-54 – ei klasse ho vann med god margin
Resultat Bergen Fjellmaraton, K 50-54:
- May Evy Nesheim, TWR, 2.38.24
- Aud Kari Lønning, Ask Friidrett, 2.43.49
- Kari Sigdestad, Loddefjordløperne 2.44.34
Men for familien Nesheim var dette meir enn eit vanleg halvmaraton. Det var familiemeisterskap
Resultat Nesheim-familiemeisterskap:
- Ola Aage Nesheim, Velledalen IL, 2.28.57
- Michael Nesheim Vesterlid, Noteam, 2.31.24
- May Evy Nesheim, TWR, 2.38.24
Det høyrer med til soga at Ola Aage kom inn til ein framifrå 22.plass i klasse M 50-54
Og at Michael vart nummer 91 i den største klassen, M 23-34
Men om May Evy berre fekk bronse i familieduellen, står ho likevel att som dronninga:
SIGER i K 50-54 kling svært så bra!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025