Espen påkøyrd av el-sparkesykkel

    Postet av Atle Jomar Hole den 14. Nov 2024

    I dag tidleg vart Espen Utgård Sæther påkøyrd av ein el-sparkesykkel i Bergen.

     

    Heldigvis utan alvorlege skadar.

    • Berre ein forslått alboge, skriv Espen på Strava.

     

    Men uansett ei påminning om at dei trafikkale utfordringane er større i byar enn på landsbygda. Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Espen har meldt frå om at han mest truleg spring halvmaraton i Ålesund 29.desember. Truleg rokkar ikkje dagens påkøyrsel den avgjerda.


    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.