Nytt «stadion» opna på Drabløs i Velledalen
Postet av Atle Jomar Hole den 31. Des 2024
Familien Lervåg som bur på Drabløs har opna innandørs fotball-stadion.
«Anlegget» held til i løa på garden der Tobias, Mikkel og Iben bur. Alle dei tre nemnde er hardtsatsande fotball-spelarar i Sykkylven IL. Men det er akkurat no, ambisjonane er større enn som så. Og då må fasilitetane vere i orden – året rundt.
Og foreldra må vere med på laget. Det er Pernille og Bernt Are. No har løa på garden vorte fotball-stadion. Førebels med kunstgras. Ein god stad å vere når snøbygene piskar mot løeveggen og vinden uler kring husnovene
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025