Trio i særklasse i skogsvegen Straumsheim
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Aug 2025
Høgt nivå over herrane Reidar, Kåre og Einar – samle med 785 turar.
Det er ikkje alle trimpostar som har like glade turvandrarar som ein finn i skogsvegen Straumsheim. Då meldaren vår var innom posten i dag, hadde trioen Reidar Fure, Kåre Hunnes og Einar Fet 785 turar til saman. Snittalderen på dei tre ligg ein stad mellom 75-80 år. Eldstemann, Einar Magne Fet er 81. Slike «gutar» kan vi like – sidan dei både skriv namna sine tydeleg, og kan telje turane sine, trass høge (tresifra) tal.
Meldaren har notert denne stoda, tysdag 19.august klokka 11.00:
298 turar: Reidar Fure
253 turar: Kåre Hunnes
234 turar: Einar Fet
41 turar: Anita Mosby Nakken
25 turar: Ingunn Hole Hunnes
Like ved topp-5: Inger Anna Fet med 21 turar.
PS. Total-talet av turar vart ikkje sjekka, sidan det ved denne posten er vanleg at somme skriv mange namn (berre førenamn) på same line. Så jobben vert overlaten til Nils (statistikk-føraren) når sesongen er ferdig. Ein skal ikkje sjå vekk frå at Velledalen IL vil køyre eit par kveldar med kurset «korleis handtere ei trimpost-bok» på Dalseth-Buda i løpet av hausten. I tilfelle kjem det ny kunngjering når tida nærmar seg.
PS 2: Det høyrer med til soga at alle på topp-5 lista har notert eksemplarisk bokføring.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

O-samlinga: Lag-konkurranse for dei yngste
07.09.2025

AL-open: Matias debuterte med 3.plass
07.09.2025

Sterke løp av Mikkel og Ola i AK-open
07.09.2025

Oslo Toughest: Anette og Nikolai sterke
07.09.2025