Kan Konradløpa passere 10 000 deltakarar i år ?

Postet av Atle Jomar Hole den 1. Feb 2026

 Arkivfoto

Då treng ein samla 600 deltakarar under PåskeKonrad, MiniKonrad og Konradløpet.

 

Svaret er kanskje, men då må det bli rekord-deltaking. Vi minner om datoane i 2026:

Onsdag 1.april: PåskeKonrad

Sundag 26.april: MiniKonrad

Fredag 1.mai: Konradløpet (hovudløpet)

 

600 deltakarar samla på desse tre løpa har vi aldri hatt, men beste åra har vore godt over 500. Særleg PåskeKonrad har vist vekst siste åra. Det betyr at skal vi passere 10 000 deltakarar sidan den spede starten i 2002 (med 195 startande), må det ei mobilisering til. Ikkje berre i friidrettsgruppa, men i heile laget. Noko som kunne høve godt, sidan Velledalen IL fyller 120 år i år.

 

Litt om løpa:

PÅSKEKONRAD: Starta som eit privat, ikkje-annonsert tilbod til nokre lokale påskegjester, som kunne tenkje «teste seg» før dei drog på vinter-fjellet på ski. Vert no annonsert og er sterkt veksande. Mange av dei som deltek under PåskeKonrad bur ikkje lokalt (Stranda/Sykkylven). Påmelding siste timen før start. Løpet går i same traséen som hovudløpet 1.mai.

 

MINIKONRAD: Fyrste gong arrangert i 2007. Har vore for aldersgruppa 0-16 år, men siste åra har 15-16 åringane vore fråverande. Løpet har på det meste samla like over 200 deltakarar, men med dei fødselstala ein har hatt i Stranda/Sykkylven siste åra, må ein vere nøgd med i overkant av 100 startande. Påmelding timen før start. Løpet har base i og ved Velledalen grendahus.

 

KONRADLØPET: Fyrste gong arrangert i 2002 (195 deltakarar). Start (05.15)/mål Brunstad. Frukost, premieutdeling, Konradfilm med meir i Velledalen grendahus etter løpet. Normaldeltaking 300-400. Siste to åra har vi hatt tosifra deltakartal over 80 år. Påmeldinga opnar når som helst – gratis frukost inkludert i startpengane.

 

PS. I 2020 og 2021 vart ikkje løpa arrangert, grunna covid.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.