Ålesund maraton vert arrangert 6.juni
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Feb 2026
Arkivfoto
VIL-Nettsida har sett på påmeldingane
Det er i overkant av fire mnd til Ålesund maraton 2026. Med barneløp, 5 km, 10 km, halv-og heilmaraton på programmet. Det er venta ein stad mellom 1000-2000 deltakarar totalt, og såleis ein ypperleg stad å debuterte for personar som kvir seg for å verte altfor synlege i løp med få deltakarar.
Litt om påmeldinga i Ålesund per 31.januar klokka 22.30:
Barneløp: 8 påmelde
5 km: 5 påmelde
10 km: 38 påmelde
Halvmaraton: 81 påmelde
Heilmaraton: 21 påmelde
I alt 153 påmelde, og alt tyder på at halvmaraton vert den klart største på deltaking i 2026, slik den også var i 2025.
Påmelde hittil frå Velledalen IL:
5 km: Susan Gjerde
Heilmaraton: Malin Berge
Sidan vi har godt over 20 påmelde til Oslo maraton i september, bør vi vel klare same tal i Ålesund i juni.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Litt om å vinne over seg sjølv!
03.02.2026
Kaldt ute: VIL har gode vinterjakker
03.02.2026
Takk for 3215 grasrot-kroner i januar 26
01.02.2026
Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
31.01.2026