Velkomen tilbake, Frode!
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Sep 2025
Minst fem skarpskodde frå Velledalen IL stiller til start komande laurdag
Drammen halvmaraton er rekna som ei av dei raskaste løypene i landet. Deltakinga er alltid stor. Her er Velledalen IL sine påmelde løparar laurdag 6.september:
K 60-64: Elisabeth Hetlevik
M60-64: Bjørn Arve Brune
M 55-59: Frode Hoprekstad
M 35-39: Frank Andersen
M 23-39: Constantin Rust
Elisabeth og Bjørn Arve:
Kjekt at vi har med to løparar over 60. Begge to var høgt oppe på lista over dei beste lands- tidene i sine aldersklasser i fjor. Målet er truleg det same i år. Vi trur begge – på ein god dag - er kapable til ei topp-10 plassering i 60-64 i Drammen. Bjørn Arve veit vi har trena svært godt, Elisabeth sin trenings-kvardag (i Kongsberg) veit vi mindre om. Men to sterke veterankort for Velledalen IL, det er sikkert.
Frode:
Stor glede i Velledalen IL då vi såg påmeldingane til halvmaraton i Drammen. Tenk Frode – godguten Frode – er tilbake! Etter eit langt avbrot og vanskeleg periode i livet. Frode er særs rutinert som løpar, og vi vil tru han er særdeles realistisk i comebaket. Truleg vil det for han vere stort berre å ta seg til mål på ein kontrollert og grei måte. Denne gongen bør tida ikkje vere det viktigaste for Frode.
Frank:
Frank har bygt seg opp som løpar – sakte men sikkert. Heldt seg først til 5 km, før han dobla til 10. Då han meistra begge desse distansane godt, debuterte han på halvmaraton i 2025. To løp er vel alt han har gjort etter landevegen. Sjølv om Frank er fersk på distansen set han seg heilt sikkert nye mål. I Drammen vil han sjå 1.30-talet (persen er like over 1.40). Helst så langt ned som mogleg!
Constantin:
Yngstemann i troppen er særdeles allsidig. Constantin har hatt ein krutsterk sesong så langt – god i alt han stiller i. Man akkurat eit halvmaraton etter flat veg; der er han faktisk ganske uerfaren. Men han er råsterk. Og det kan bli spennande å sjå om han kan snuse på Espen (Utgård Sæther) sin klubbrekord på distansen (1.09.16) frå Malaga 23.mars 2025. Constantin veit at slike tider kjem ikkje lett!
Resultata kjem på nettsida i løpet av helg
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Oslo Toughest: Anette og Nikolai sterke
07.09.2025

Rekordstor o-samling i år
07.09.2025

Slik gjekk det i Drammen halvmaraton
06.09.2025

Finfin 2.plass til Jone i Melshornløpet
06.09.2025

Halvmaraton-tider frå Trondheim
06.09.2025