Constantin sekundet bak Espen sin klubbrekord
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Sep 2025

Sprang halvmaraton i Drammen på 1.09.17
23.mars i år sprang Espen Utgård Sæther halvmaraton på 1.09.16 i Malaga, Spania. Ei sterk tid, sjølv i nasjonal målestokk.
I dag stod Constantin Rust på startstreken i Drammen. Distanse halvmaraton. Her kjem passeringstidene:
5 km: 16.37
10 km: 33.06
15,2 km: 50.07
20,2 km: 1.06.38
Mål: 1.09.17
Med 900 meter att såg det ut som slaget om ny klubbrekord var tapt for Constantin. Men han hadde krefter att. På siste strekket heldt han ei fart på 2,58 min/km. Dermed kom han i mål på tida 1.09.17 – eitt fattig sekund bak Espen sin klubbrekord!
Dermed har Velledalen IL to mann som har sprunge under 1.10 på halvmaraton i same sesong – det er det ikkje mange småklubbar i kongeriket Noreg som kan skilte med.
Velledalen IL gratulerer!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Litt om å vinne over seg sjølv!
03.02.2026
Kaldt ute: VIL har gode vinterjakker
03.02.2026
Ålesund maraton vert arrangert 6.juni
01.02.2026
Takk for 3215 grasrot-kroner i januar 26
01.02.2026
Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
31.01.2026