Fantastisk ramme kring året Haustløp i orientering

Postet av Atle Jomar Hole den 7. Sep 2025

 

Vi har litt resultat som skal ut frå Velledalen IL sitt haustløp, arrangert 7.september.

 

Pernille Ibsen Lervåg og Janne Tomtum, primus-motorane bak o-samlinga og Haustløpet i Sykkylven, skein om kapp med sola ved samlingsplassen på Kolda:

  • Tenk no har vi hatt fullklaff med den ytre ramma to år på rad. Mest for godt til å vere sant, ytra dei til klubben si eiga nettside inn mellom alle gjeremåla.

Og ja, det var ein vakker haustdag. Strålande sol, behageleg temperatur og ikkje eit vindpust. Iveren og innsatsen ute i løypa var upåklageleg. Løypeleggar-sjef, Alastair, hadde gjort ein god jobb; her vart sjølv dei relativt erfarne sett på prøve.

 

Her kjem nokre resultat:

C-open 10-16 (ikkje rangert):

46.33: Tiril Hatlemark, Velledalen IL

38.22: Amund Havik, Velledalen IL

26.11: Sigurd Linga, Velledalen IL

Fullført: Magnus Mordal Sørvik, MOI

38.20: Emil Vikås, Velledalen IL

40.56: Ingvild Bjørnøy Nylund, MOI

 

C-open 17-:

  1. Tormod Klokk, Velledalen IL, 24.50

Flott løp av VIL-kasseraren. Best i Velledalen IL sitt hovudstyre denne helga.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.