Bergsøy IL sender sterkt kort til Sørestrandmila
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Sep 2025
Birgitte Kvalsvik påmeld i klasse K 40-44
Stadig nye løparar melder seg på Sørestrandmila som vert arrangert i Straumgjerde laurdag 27. september. Hittil flest påmelde på 10 km, og minst på 3 km, ein distanse vi håper vil samle fleire yngre utøvarar. Alt tyder på sterk kvinnedeltaking i løpet, med fleire kvinner enn menn påmeldt så langt.
Så er det kjekt med ein deltakar frå Bergsøy IL. Birgitte Kvalsund jaktar truleg ny personleg rekord på 10 km. Under 3.løpet i Ålesund Sommarkarusell noterte ho fine 41.50 på 10 km. Har ho pleie forma bra, burde det vere mogleg å trykkje den enno eit knepp ned.
I same slengen nyttar vi høvet til å gratulere ein annan Bergsøy-løpar, Siv Grethe Berge Hoff, som komande helg etter alle sole-merke vert NM-vinnar på heilmaraton i Oslo, klasse K 55-59. I alle høve er ho påmeldt som einaste deltakar i klassen. NM-medalje vert det heilt sikkert til ein trufast, lokal landevegs-slitar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Maraton-NM: Kan Njål ta medalje i M 40-44…?
18.09.2025

Lokale tider i København halvmaraton
17.09.2025

OCR-VM Teamstafett: Norge nummer fem
16.09.2025