VETERANSTATISTKK LANDSPLAN KVINNER 2025

Postet av Atle Jomar Hole den 16. Jan 2026

 

Fleire VIL-kvinner inne på lands-statistikken for 2025

 

Vi har vore inne på Kondis sin lands-statistikk for 2025 og sett kor mange VIL utøvarar vi fann der. Og det vart ein heil del. Ofte er det slik at dei tek med alle utøvarar under ei viss tid i kvar klasse. Og det startar med klasse 40-44 år som yngste klasse. Elles går det klart fram at det er lettast å få gode plasseringar på dei kortaste distansane (3 og 5 km), medan nivået er vesentleg høgare på halvmaraton. Legg såleis merke til at Marita sin flotte debutløp på distansen under Nyttårsmaraton (1.48.09) gav 153.plass i klasse K 50-54

 

LANDS-STATISTIKK 2025 KVINNER

3 KM:

K 50-54: Nr.6 May Evy Nesheim, Velledalen IL, 11.59, Kondisløpet Vårspretten, mai 25

K 50-54: Nr.19 Marita B. Andreassen, Velledalen IL, 14.09, Sørestrandmila, mai 25

 

5 KM:

K 50-54: Nr.12 May Evy Nesheim, Velledalen IL, 20.48, Sørestrandmila

K 50-54: Nr 15 Trine Pilskog, Hareid IL, 21.21, Knarvik

K 50-54: Nr 42 Marita B. Andreassen, Velledalen IL, 23.23, Ålesund VK.

 

10 KM:

K 60-64: Nr. 46 Elisabeth Hetlevik, Velledalen IL, 49.36, Hytteplanmila, okt 25

K 50-54: Nr. 53 May Evy Nesheim, Velledalen IL, 44.52, Romsdal

 

HALVMARATON:

K 55-59: Nr. 9 Kari Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, 1.35.34, Ålesund

K 60-64: Nr. 12 Trine Randen, Noteam, 1.43.17, Oslo, sept 25

K 60-64: Nr.42 Sharon Svendgård, Noteam, 1.51.06, Ålesund, juni 25

K 60-64: Nr 69 Elisabeth Hetlevik, Velledalen IL, 1.55.04, Oslo, sept 25

K 50-54: Nr 153 Marita B. Andreassen, Velledalen IL, 1.48.09, Ålesund, des 25

 

MARATON:

K 55-59: Nr. 2 Liv Janne Øvrebust, eks Stordal IL, 3.18.07

K 55-59: Nr. 6 Kari Anne Tryggestad Ruste, Sunnylven IL, 3.24.05, Cannes 25

K 55-59: Nr 12 Siv Grethe berge Hoff, Bergsøy IL, 3.38.40

 

Altså ein statistikk for personar 40 år og eldre. Vi gratulerer May Evy Nesheim og Marita Bjørkelid Andreassen med tre noteringar kvar og  Elisabeth Hetlevik med to. Som betyr at desse tre har vore Velledalen IL sine beste veteranar på kvinnesida året 2025. Så presiserer vi at det er litt tilfeldig kven vi har teke med frå andre klubbar, og at her finst det fleire løparar inne på listene, eksempelvis Tonje Brande.

 

Så kan alle gle seg til veteranstatistikken for herrar kjem, der Velledalen IL har 19 noteringar inne på statistikken av ni ulike utøvarar. Ikkje mindre enn seks topp-10 plasseringar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.