Herre-utviklinga i Konradløpet 2002-2026
Postet av Atle Jomar Hole den 8. Mai 2026
Ei interessant reise – les og kos dykk!
FØREORD:
Det starta som kjent i 2002. Med 195 påmelde, der Lars Inge Sæther sin statistikk fortel om 189 fullførande. Av desse 105 kvinner, 84 menn. Altså klart kvinnefleirtal i 2002, eit fleirtal som heldt seg -rett nok mykje mindre – i 2026. Av dei fire som sprang opningsåret (2002), var fire menn. Nils Terje Skylstad, som då var 45 år, vart vinnar på 16.23. Han heldt fram å vinne dei to neste åra, og sprang så raskt som 15.29 som 47-åring i 2004. Dei fyrste sju åra løpet vart arrangert var det berre to menn som såg 15-talet. Utanom Nils ein ung presteson frå Hareid, Johan Møgster. Han smaug seg to sekund under 16.00 i 2005, då han vann Konradløpet som elev ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda.
HER ER TALA – HERREVINNARAR OG NYE REKORDAR:
2002: Nils Terje Skylstad, 16.23
2003: Nils Terje Skylstad, 16.02 – ny rekord
2004: Nils Terje Skylstad, 15.29 – ny rekord
2005: Johan Møgster, 15.58
2006: Rolf Vaksvik, 17.11 – 372 påmelde og 350 fullførande, VIL sitt 100 års jubileum
2007: Ole Johan Risa, 16.54
2008: Nils Terje Skylstad, 16.53
2009: Knut Lium, 15.07 – ny rekord
2010: Knut Lium, 15.38
2011: Lars Anders Hoel, 15.13
2012: Knut Anders Hatlen, 14.48 – ny rekord
2013: Ebrahim Abdulaziz, 14.11 – ny rekord
2014: Håkon Melseth, 15.14
2015: Jan Ketil Vinnes, 14.55
2016: Ebrahim Abdulaziz, 13.30 – ny rekord
2017: Jan Ketil Vinnes, 15.26
2018: Kjell Magnar Berli, 15.26
2019: Kjell Magnar Berli, 15.05
2020: Covid
2021: Covid
2022: Andreas Mosby Nakken, 15.42
2023: Nikolai Handle Jensen, 14.50
2024: Robert Vasset, 14.56
2025: Nikolai Handle Jensen, 14.28
2026: Vegard Alstergren Sæbu, 14.12
GRENSE-SPRENGJARAR:
2004: Nils Terje Skylstad fyrst under 16 minutt
2012: Knut Anders Hatlen fyrst under 15 minutt
2016: Ebrahim Abdulaziz fyrst under 14 minutt
ETTERORD:
Største deltaking i Konradløpet var i 2006. Kanskje ikkje så underleg, sidan Velledalen IL dette året markerte 100 års jubileumet sitt. Det gav 372 påmelde og 350 fullførande tilbake som jubileumsgåve frå Konradløpet. Pussig nok; året med størst deltaking har gitt løpet si svakaste vinnartid (17.11). Elles ser ein at åra 2017 og 2018 gav nøyaktig same vinnartid.
Elles skal det nemnast at det er ulike grunnar til at gode løparar kjem til Konradløpet. Nokre eksempel: Håkon Melset heldt til i Troms fylke, men kom til Velledalen og vann fordi opphavet hans på farssida bur i Sykkylven. Knut Lium frå Nordre Land kom to gonger og vann fordi han var studiekompis med Svein Arne Nakken i yngre år. Ebrahim Abdulaziz sat i asylmottak på Tingvoll og vart teken med til Velledalen av Karl Egil Brunstad. Ikkje berre ein gong, men to. Med to løyperekordar som resultat Og til sist årets vinnar, Vegard Alstergren Sæbu: Han fekk spørsmål om korleis han, som representerer Skrautvol IL, fann fram til Velledalen og Konradløpet. Svaret lydde slik:
- Har 10 aksjar i ei jente frå Sykkylven, og er her i anledning konfirmasjon i dag.
Velledalen IL seier: Velkomen til Konradløpet 2027 – anten aksjeposten er stor eller liten!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
O -KM Ålesund: Familien Drotninghaug deltok
10.05.2026
Hadde Konradløpet tilskodarar…?
09.05.2026
Ola og Per Magne stiller i O-KM
09.05.2026