Orientering: To frå VIL på treningsløp på Emblem
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Mai 2026
37 startande deltok i treningsløp på Emblem tysdag kveld.
Deltakartalet skal ein ikkje klage på. 37 startande i eit Råtass og treningsløp frå skibua på Emblem. Men det skal seiast at klubbane Velledalen IL, IL Gular og Lillehammer OK til saman heldt med fire deltakarar, resten representerte Emblem IL. Når Molde og Omegn same kveld arrangerte treningsløp i Molde med godt over 30 deltakarar, alle frå MOI, veit ein kvar o-tyngdepunkta i fylket ligg.
Velledalen IL hadde med Ola og Per Magne Drotninghaug under løpet på Emblem. Ola sprang mellomlang løype på 2800 meter med 14 startande. Mange av dei vaksne. På denne bakgrunn ein glimrande prestasjon av Ola. Nokre småbom høyrer med for ein fersk o-løpar, men desto meir imponerande at Ola hadde beste strekktid i klassa mellom post 8-9. Det er framifrå godt levert!
Per Magne kom på 10.plass i langløypa på 4100 meter. Plasseringa kunne vore betre om han slapp una eit par bommar som kosta dyrebar tid. Men dette var altså treningsløp, og slike skal brukast til litt prøving og feiling.
Velledalen IL håper å vere sterkare tilbake på deltakar-sida ved komande treningsløp utover sommaren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
O -KM Ålesund: Familien Drotninghaug deltok
10.05.2026
Hadde Konradløpet tilskodarar…?
09.05.2026
Ola og Per Magne stiller i O-KM
09.05.2026