Hadde Konradløpet tilskodarar…?
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Mai 2026
Ikkje mange, men det var kvalitet over dei som var der.
Konradløpet har vorte kjent som løpet med mange deltakarar, få tilskodarar. Kanskje ikkje underleg med start-tidspunktet ein opererer med. Sidan mai er den store flaggmånaden, set vi i dag på trykk det næraste vi kjem eit prakt-eksemplar av ein tilskodar. Namnet er Per Tronsen, kjend fotballmann frå Stranda. Og far til Per Johan som i 2025 vart toppscorar i fotball hos Sykkylven IL sitt lag i 5-divisjon. Per Johan er også ein habil løpar som tidlegare har sett 16-talet under Konradløpet – i år vart det lågt på 17-talet. Og til fotballspelar og vere har han ei fin tid på halvmaraton.
Dessutan heiar tilskodaren vår på Erika Oginte, som kvart av dei siste åra har hatt sterke plasseringar mellom kvinnene. Per Tronsen kan stå som eit framifrå føredøme. Til neste års Konradløp må målet vere at fleire stiller som Per. Iherdige utøvarar fortener eit større publikum. Per Tronsen er med dette kåra til «Årets Tilskodar» Konradløpet 2026
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
O -KM Ålesund: Familien Drotninghaug deltok
10.05.2026
Ola og Per Magne stiller i O-KM
09.05.2026