Sørestrandmila 26: Eldst og yngst med tidtaking
Postet av Atle Jomar Hole den 31. mai 2026
God spreiing i alder på deltakarane under vårløpet til Sørestrandmila i går.
Ganske nøyaktig 70 år i aldersskilnad på eldste og yngste som sprang på tid under Sørestrandmila i går. Det er slik det skal vere. Eit løp som dette, med distansar frå 3 km til 10 km, skal ha plass for ALLE.
YNGST: ULRIK ROKSETH NORDSTRAND (f.2014), SYKKYLVEN
Han kunne teke den kortaste distansen på 3 km, men ville ha ei tøffare utfordring og melde seg på 5 km. Med startnummer 108 på brystet fullførte han med glans. Tida vart 25.05, og med den hadde han mange løparar bak seg. Og han vart sjølvsagt klassevinnar i M 11-12, sidan han var åleine i klassa. Nettsida håper han tykte medaljen var fin og at løpet gav meirsmak. Neste gong har han sjansen til å få ringe i bjølla for ny personleg bestetid. Grensa for det er lagt, nemleg tida 25.05.
ELDST: PER JAN HELSET (f.1944), LANGEVÅG
Per Jan er for tida kanskje Sunnmøre sin største løpsbaron. Han både arrangerer, og ikkje minst spring han løp. I ein alder av 82 år. Same alder Konrad Brunstad hadde då han debuterte på halvmarton i Ålesund i 1992. Per Jan nøgde seg med tre kilometer i Straumgjerde laurdag. Han trippa lett og smidig (til 82-åring å vere) inn til tida 17.42 med startnummer 5 på brystet. Under seks minutt på kilometeren er særs bra i såpass moden alder. Klassevinnar, som nesten alltid. Få på hans alder stiller i løp. Men tilbodet ligg der. Kanskje som mosjonist utan tidtaking kan vere eit alternativ i starten…..?
Om han ville kunne Per Jan kombinert turen til Straumgjerde med slektsbesøk. Han er nemleg syskenborn med Einar Fet (som bur i Straumgjerde). Tidlegare krumtapp på fotballaget og VRF og ein dyktig løpar. Mellom anna to halvmaraton på 1.17-talet og eitt heilmaraton på 2.50 etter passerte 40 år. Kanskje ligg der noko i genane….
Velledalen IL takkar Ulrik og Per Jan for innsatsen. Ofte er det ytterpunkta i alder som definerer kven som vågar kaste seg med.
Ein tolvåring er det yngste ein arrangør kan ha med i rangerte resultatlister, og einkvar 80-åring vert rekna som ei «pluss-sak»
Flott levert, Ulrik og Per Jan!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Støtta løp
13.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026