Sørestrandmila 26: Eldst og yngst med tidtaking

Postet av Atle Jomar Hole den 31. mai 2026

 

God spreiing i alder på deltakarane under vårløpet til Sørestrandmila i går.

 

Ganske nøyaktig 70 år i aldersskilnad på eldste og yngste som sprang på tid under Sørestrandmila i går. Det er slik det skal vere. Eit løp som dette, med distansar frå 3 km til 10 km, skal ha plass for ALLE.

 

YNGST: ULRIK ROKSETH NORDSTRAND (f.2014), SYKKYLVEN

Han kunne teke den kortaste distansen på 3 km, men ville ha ei tøffare utfordring og melde seg på 5 km. Med startnummer 108 på brystet fullførte han med glans. Tida vart 25.05, og med den hadde han mange løparar bak seg. Og han vart sjølvsagt klassevinnar i M 11-12, sidan han var åleine i klassa. Nettsida håper han tykte medaljen var fin og at løpet gav meirsmak. Neste gong har han sjansen til å få ringe i bjølla for ny personleg bestetid. Grensa for det er lagt, nemleg tida 25.05.

 

ELDST: PER JAN HELSET (f.1944), LANGEVÅG

Per Jan er for tida kanskje Sunnmøre sin største løpsbaron. Han både arrangerer, og ikkje minst spring han løp. I ein alder av 82 år. Same alder Konrad Brunstad hadde då han debuterte på halvmarton i Ålesund i 1992.  Per Jan nøgde seg med tre kilometer i Straumgjerde laurdag. Han trippa lett og smidig (til 82-åring å vere) inn til tida 17.42 med startnummer 5 på brystet. Under seks minutt på kilometeren er særs bra i såpass moden alder. Klassevinnar, som nesten alltid. Få på hans alder stiller i løp. Men tilbodet ligg der. Kanskje som mosjonist utan tidtaking kan vere eit alternativ i starten…..?

    Om han ville kunne Per Jan kombinert turen til Straumgjerde med slektsbesøk. Han er nemleg syskenborn med Einar Fet (som bur i Straumgjerde). Tidlegare krumtapp på fotballaget og VRF og ein dyktig løpar. Mellom anna to halvmaraton på 1.17-talet og eitt heilmaraton på 2.50 etter passerte 40 år. Kanskje ligg der noko i genane….

 

Velledalen IL takkar Ulrik og Per Jan for innsatsen. Ofte er det ytterpunkta i alder som definerer kven som vågar kaste seg med.

Ein tolvåring er det yngste ein arrangør kan ha med i rangerte resultatlister, og einkvar 80-åring vert rekna som ei «pluss-sak»

Flott levert, Ulrik og Per Jan!


Logg inn for å skrive en kommentar.