Ålesund Maraton: Hilmar hoppa av etter 32 km

Postet av Atle Jomar Hole den 9. jun 2026

 

Ein heilmaraton sju dagar etter 91 km under «Psykisk-Helse-Løpet» i Måløy vart i meste laget, sjølv for Hilmar Kråkenes.

 

Den korte meldinga frå Hilmar på telefonen lydde slik:

  • Hei Atle! Eg har brutt løpet.

 

Svaret var som fylgjer:

  • Den er grei, men godt kjempa i alle fall.

 

Hilmar gav «prosjektet» Ålesund Maraton forsøk. Opningsfarta på førsterunden var fin, låg an til ei tid på 2.50-talet. Fram til han braut (etter 3 av 4 rundar) heldt han fin fart og låg i ei lita, oversikteleg gruppe. Men etter tre rundar var ikkje motivasjonen til å pine seg, heilt på topp. Og det var nok lurt å stå av, i staden for å gå ned siste trinnet i kjellartrappa. Mannen var trass alt gjennom 91 km sju dagar før løpet i Ålesund.

 

For det kjem fleire løp. No skal bygge seg opp att. Sesongen er langt frå slutt. I ei melding om framtida fortel han:

  • Tida framover blir å halde i gong treninga. Usikker om det blir løp på meg før hausten. Er påmeldt https://www.herdlabackyard.no/ til hausten. Her er opplegget likt Hagemanns Backyard Festival, men skal øve meg utan bruk av støtteapparat.

Vidare har Hilmar planar om ein fjelltur frå Voss til Bergen i sommar, mest for å gjere seg kjend med terrenget før Oslo-Bergen neste år, i tilfelle det skulle bli deltaking der.

 

Hilmar skal ha for satsinga i Ålesund. Han gjekk ut proppfull av mot. I den farta han med «full-ladda» kropp visste han kunne halde på distansen heilmaraton. I trygg visse om at han tidlegare hadde sprunge same distanse i Ålesund, med suksess. Han steig ut av løpet med verdigheit, på eit tidspunkt der 75 prosent var unnagjort. På eit tidspunkt der han framleis låg i rute til under 3.00 timar i sluttid, og på eit tidspunkt der han framleis låg i tet i klasse M 45-49. Ei stor avgjersle – truleg både rett og viktig - for det som seinare skal kome.

 

Nettsida ynskjer GOD SOMMAR til Hilmar – BACKYARD-KONGEN i Velledalen IL!


Logg inn for å skrive en kommentar.