Ålesund Maraton: Hilmar hoppa av etter 32 km
Postet av Atle Jomar Hole den 9. jun 2026

Ein heilmaraton sju dagar etter 91 km under «Psykisk-Helse-Løpet» i Måløy vart i meste laget, sjølv for Hilmar Kråkenes.
Den korte meldinga frå Hilmar på telefonen lydde slik:
- Hei Atle! Eg har brutt løpet.
Svaret var som fylgjer:
- Den er grei, men godt kjempa i alle fall.
Hilmar gav «prosjektet» Ålesund Maraton forsøk. Opningsfarta på førsterunden var fin, låg an til ei tid på 2.50-talet. Fram til han braut (etter 3 av 4 rundar) heldt han fin fart og låg i ei lita, oversikteleg gruppe. Men etter tre rundar var ikkje motivasjonen til å pine seg, heilt på topp. Og det var nok lurt å stå av, i staden for å gå ned siste trinnet i kjellartrappa. Mannen var trass alt gjennom 91 km sju dagar før løpet i Ålesund.
For det kjem fleire løp. No skal bygge seg opp att. Sesongen er langt frå slutt. I ei melding om framtida fortel han:
- Tida framover blir å halde i gong treninga. Usikker om det blir løp på meg før hausten. Er påmeldt https://www.herdlabackyard.no/ til hausten. Her er opplegget likt Hagemanns Backyard Festival, men skal øve meg utan bruk av støtteapparat.
Vidare har Hilmar planar om ein fjelltur frå Voss til Bergen i sommar, mest for å gjere seg kjend med terrenget før Oslo-Bergen neste år, i tilfelle det skulle bli deltaking der.
Hilmar skal ha for satsinga i Ålesund. Han gjekk ut proppfull av mot. I den farta han med «full-ladda» kropp visste han kunne halde på distansen heilmaraton. I trygg visse om at han tidlegare hadde sprunge same distanse i Ålesund, med suksess. Han steig ut av løpet med verdigheit, på eit tidspunkt der 75 prosent var unnagjort. På eit tidspunkt der han framleis låg i rute til under 3.00 timar i sluttid, og på eit tidspunkt der han framleis låg i tet i klasse M 45-49. Ei stor avgjersle – truleg både rett og viktig - for det som seinare skal kome.
Nettsida ynskjer GOD SOMMAR til Hilmar – BACKYARD-KONGEN i Velledalen IL!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Støtta løp
13.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026