Støtta løp

Postet av Atle Jomar Hole den 13. jun 2026

Velledalen IL sponsar deltaking for våre medlemmer på desse løpa:

  • Kondisløpet Vårspretten
  • Fyr til Fyr
  • Jølster Maraton
  • Hytteplanmila
  • Ålesund Vinterkarusell November 2026
  • KM og NM

Refusjon av startkontingent

  • For å få refundert startkontingenten, sender du kvittering og kontonummer  til Tormod på tormod@revisorklokk.no.

Vilkår

  • Betinginga for refusjon er at du stiller i Velledalen IL-drakt.
  • Utan drakta blir det ingen refusjon.
  • Ved påmelding til løp må du registrere deg under Velledalen IL.
  • Mange av medlemmane våre er allereie flinke til å bruke klubbdrakta, og det set vi stor pris på.
  • Vi oppmodar alle til å stille i drakta så ofte som mogleg når dei representerer klubben.
  • Å representere Velledalen IL i drakta skaper samhald, styrkjer fellesskapet og gjer klubben meir synleg.
  • Vi har sponsorar som støttar klubben med klede og utstyr, og det er viktig at vi viser lojalitet ved å synleggjere både klubben og sponsorane våre.
  • Hugs også at det er inntekter frå dugnader, eigne arrangement og løp, i tillegg til sponsorstøtte, som gjer det mogleg for Velledalen IL å sponse startkontingentar for medlemmane våre.
  • Når vi stiller i klubbdrakta og melder oss på under Velledalen IL, er vi med på å synleggjere klubben og bidra til at vi kan halde fram med slike ordningar også i framtida.

Lykke til med sesongen!

Helsing Friidretsgruppa


Logg inn for å skrive en kommentar.