Støtta løp
Postet av Atle Jomar Hole den 13. jun 2026

Velledalen IL sponsar deltaking for våre medlemmer på desse løpa:
- Kondisløpet Vårspretten
- Fyr til Fyr
- Jølster Maraton
- Hytteplanmila
- Ålesund Vinterkarusell November 2026
- KM og NM
Refusjon av startkontingent
- For å få refundert startkontingenten, sender du kvittering og kontonummer til Tormod på tormod@revisorklokk.no.
Vilkår
- Betinginga for refusjon er at du stiller i Velledalen IL-drakt.
- Utan drakta blir det ingen refusjon.
- Ved påmelding til løp må du registrere deg under Velledalen IL.
- Mange av medlemmane våre er allereie flinke til å bruke klubbdrakta, og det set vi stor pris på.
- Vi oppmodar alle til å stille i drakta så ofte som mogleg når dei representerer klubben.
- Å representere Velledalen IL i drakta skaper samhald, styrkjer fellesskapet og gjer klubben meir synleg.
- Vi har sponsorar som støttar klubben med klede og utstyr, og det er viktig at vi viser lojalitet ved å synleggjere både klubben og sponsorane våre.
- Hugs også at det er inntekter frå dugnader, eigne arrangement og løp, i tillegg til sponsorstøtte, som gjer det mogleg for Velledalen IL å sponse startkontingentar for medlemmane våre.
- Når vi stiller i klubbdrakta og melder oss på under Velledalen IL, er vi med på å synleggjere klubben og bidra til at vi kan halde fram med slike ordningar også i framtida.
Lykke til med sesongen!
Helsing Friidretsgruppa
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026