Ålesundsavdelinga held intervalltrening
Postet av Henning Tandstad den 17. jul 2026
Ludvig With og Malin Berge inviterar til intervalltrening.
Om nokon vil vere med på intervalltrening på Aksla Stadion førstkomande laurdag kl. 10:00, vil eit fint knippe VIL-utøvarar finne vegen dit. Då har ein nokon å trene saman med.
Utgangspunktet er ei god oppvarming, eit valfritt tal 400 m. drag med pausar mellom, og ein sosial nedjogg til slutt.
Om du vil vere med, er det berre å stille på. For den som vil reise frå Sykkylven, ta kontakt med ein eller anna frå friidrettsgruppa, så kan vi tipse om kven du evt. kan samkøyre med.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Henning Tandstad
Kong Harald V: Eit VIL-minne
29.08.2026
Sundagstur
01.08.2026
Brøvøllsfestival komande helg
23.06.2026