VIL-mann tek over Orreneset: inviterar til storsamling

Postet av Henning Tandstad den 27. jun 2026

Velledalen IL med kombinert 120-årsmarkering, julebord og idrettsgalla på Orreneset Misjonssenter i november. 

Idrettslaget kan med glede avsløre at Sondre Bårnes skal ta over drifta ved Orreneset Misjonssenter i august. Sondre er godt kjend i korridorane på senteret, etter at mora, Anbjørg, har drive senteret dei siste 23 åra. Han har og hatt senteret som arbeidsgjevar tidlegare, men har dei siste åra arbeidd i produksjonen ved Møre Trafo. Sondre har fleire år som engasjert i Velledalen, tidlegare i hovudstyret, og per dags dato aktiv i friidrettsgruppa.

Av få ledige helger for senteret i tida fram mot jul var det laurdag 28. november som peika seg ut for sei storsamling. Slik kan ein fint kombinere både julebord og idrettsgalla, samt markere 120-årsjubiléet til laget.

Det vil vere eit familievennleg arrangement utan aldersgrense med start kl. 16:00. Det blir også gunstige prisar, og enda gunstigare å stille med heile familien.

Meir informasjon om arrangementet kjem. Lagre denne laurdagen i kalenderen allereie no, så veit du kva du skal denne helga. Meld frå til Ove Skylstad, Henning Tandstad eller andre i styret om du har programinnslag.


Logg inn for å skrive en kommentar.