Velledalen IL med rolle under Stranda Fjord Trail
Postet av Henning Tandstad den 9. aug 2026

Det nærmar seg Stranda Fjord Trail, og løpet går innom Velledalen onsdag 12. august. 95 km-løparane kjem ned Vellesætervegen med stopp ved Brunstad Kraft. Her har Velledalen IL tatt på seg å stå på matstasjonen frå kl. 14:00 til 00:00.
Arrangøren ordnar alt av ting og tang på stasjonen, så vår oppgåve er å ta hand om løparane som kjem forbi og ynskje dei lukke til vidare.
Vi ønskjer å sette opp to og to funksjonærar på desse tidspunkta:
14:00-16:30
16:30-19:00
19:00-21:30
21:30-00:00
Meld frå til VIL Friidrett (v/Henning Tandstad) om du har høve.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Henning Tandstad
Kong Harald V: Eit VIL-minne
29.08.2026
Sundagstur
01.08.2026
Ålesundsavdelinga held intervalltrening
17.07.2026
Brøvøllsfestival komande helg
23.06.2026