Trimpostane: Skogsvegen Drabløs på 8.plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. okt 2026

 

Annlaug, og resten av familien Lervåg, gjorde reint bord på posten som samla hadde 545 noteringar.

 

Ein skal vere glad ein har familien Lervåg i skogsvegen Drabløs. Utan den hadde det vorte snøype. Det gledelege er at heile tre generasjonar er representerte i familien Lervåg sin offensiv, der 15-åringen Mikkel som vart nummer åtte i ungdoms-NM i orientering denne sesongen, kanskje er yngste personen inn på ei topp-5 liste i perioden oktober 25 til oktober 26. Kvintetten på topp har 333 noteringar på posten av totalt 545. Men sidan Tobias og Iben truleg også har turar, er det grunn til å tru at familien Lervåg «sit» på kring 65 prosent av det totale tur-talet til posten…..

 

TOPP-5 SKOGSVEGEN DRABLØS OKTOBER 2025 TIL OKTOBER 2026:

175 turar: Annlaug Lervåg

  74 turar: Pernille Ibsen Lervåg

  40 turar: Jens Birgere Lervåg

  26 turar: Mikkel Ibsen Lervåg

  18 turar: Bernt Are Lervåg

 

STODA MELLOM DEI ULIKE POSTANE:

  8. Skogsvegen Drabløs – 545 noteringar, Annlaug Lervåg postvinnar

  9. Myrdalsfjellet – 516 noteringar, Elling Ivar Hole

10. Koppen - 449 noteringar, Ingrid Brudevoll

11. Skogsvegen Fet – 166 noteringar, Alf Petter Bøe

12. Regndalen – 155 noteringar, Elias Urke Brunstad

13. Hytta Brunstadkølen – 107 noteringar, Veronika Ulriksen

14. Høgsætra Fet – 58 noteringar, Lars Even Hatlemark

15. Holetindane – 41 noteringar, Nils Terje Skylstad

 

POSTVINNARAR ETTER KJØNN:

KVINNER – MENN 3-5


Logg inn for å skrive en kommentar.