Sophia rakk halvmaraton før konfirmasjonen
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2022

Foto: 3 X Holmberg, frå v: Christina, Sophia og Emma Foto: Susan Gjerde
Halvmaraton i Ålesund laurdag 7.mai og konfirmasjon i Sykkylven kyrkje sundag 8.mai. Det var dei to hovudpostane på Sophia Johanne Holmberg sitt helgeprogram.
Under halvmaraton hadde ho med seg søstrene Christina og Emma. Begge to kjende i Velledalen IL for ulike stunt av høg vanskegrad.
Sophia hadde ingen problem med å fullføre løpet sitt. Resultatlista seier 2.17.05 på Christina og Emma, 2.17.06 på Sophia. Om det gav såpass meirsmak at det vert fleire løp, ei høveleg tid å «perse» seg mot
Gratulerer Sophia; med løpet i dag og konfirmasjonen i morgon!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024