13-åring frå Kongo sette alle på plass under MiniKonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2022
Løparane som kunne springe på
tid under MiniKonrad 2022 hadde alderen 11-15 år. Tidlegare var denne alderen
11-16, men det viste seg at 16-åringane glimra med sitt fråver og vart kutta
ut. I år – i grell kontrast til kjempedeltakinga elles – møtte ingen 14-åring,
og heller ingen 15-åring. Slik at dei som sprang på tid 30.april var 11, 12
eller 13 år. Her har sjølvsagt alderen litt å seie. 11- og 12-åringane var i
klart fleirtal, men det vart 13-åringane Pernille Marie Ekornes Skrede (3.26)
og Jean Baraka (2.40) som leverte beste tidene.
På
fotoet ser vi gutevinnaren, Jean Baraka. Han kjem frå Kongo, og viste heilt
klart sitt talent for springing denne vårkvelden på Dalemyra.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024