Konradløpet: Friidrettsgruppa i Velledalen IL takkar
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2022
Løpsfesten i Velledalen er over for i år. 202 deltakarar i MiniKonrad er ny rekord. Den gamle lydde på 173.
13 timar etter fyrste start i MiniKonrad, møtte 215 til start i hovudløpet på Brunstad. 20 år etter det fyrste løpet vart arrangert med 195 deltakarar i 2002.
Funksjonær-listene til eit slikt arrangement er omfattande. Leiar i Velledalen IL, Ove Inge Skylstad, melder at 73 ulike personar var i sving. Mange av dei med fleire oppgåver i løpet av helga.
Leiaren i friidrettsgruppa, Alf Petter Bøe, vil ha fylgjande melding på prent:
- Tusen takk til alle funksjonærar for pliktoppfyllande jobbing på eit vanskeleg tidspunkt av døgnet. Ekstra kjekt at fleire nye funksjonærar denne gongen steppa inn og gjorde ein glitrande jobb, både under MiniKonrad og i samband med hovudløpet.
Tenk eksempelvis på stemnekontoret sin stab. Påmeldinga starta 15.00. Alle rakk starten klokka 16.00. Då var 202 born registrerte med startnummer, namn, fødselsår og om dei hadde betalt eller ikkje. Det er effektivt og godt jobba!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024