Nærbutikken held ope før Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2022

Nærbutikken i Velledalen har i mange år hatt tradisjon for å halde ope under Konradløpet. Verdsett av løparar som ønskjer litt energipåfyll, men også funksjonærar, som rekk ein kaffikopp mellom start og målgong av første løpar. Det har og vore gjort større handlar før løpet, då fridagar som 1. mai ofte kjem litt brått på, og det er tomt for brød og mjølk i heimen.
- Butikken vil halde ope for dei som vil varme seg, handle, eller drikke kaffi, frå om lag 04:15 til 05:15. fortel butikksjef Hege Drabløs.
Ho ønskjer alle velkomen innom!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024