Framgang på toalett-fronten under Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2022
Under Konradløpet kan det vere prekært på toalett-fronten for nokon kvar. Tidlegare har vi vore prisgjevne Nærbutikken sitt toalett. Men her er ikkje avløpet dimensjonert for store mengder, og somme år har ikkje butikken vore open.
Men i 2022 – l høve 20 års jubileet – vert det framgang. Velledalen IL leiger toalett av Velledalen Bedehus knappe 200 meter frå start/mål. I tillegg får vi disponere eit transportabelt toalett – som er i Velledalen Naturbanehage sine hender – under Konradløpet. Dette toalettet vert transportert og sett opp i nærleiken av Bedehuset, slik at «fasilitetane» på toalett-området vert samla.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024