Sju nasjonar hittil påmelde i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2022
Hittil har vi deltakarar frå sju ulike nasjonar påmelde, nemleg:
Belgia
Polen
Danmark
Litauen
Tsjekkia
Slovakia
Noreg
Og vi reknar med det blir fleire før startskotet smell. Dei sju nemnde nasjonane gjeld berre for hovudløpet med start klokka 05.00.
Men Redd Barna-representant i Sykkylven, Berit Bjørlo, har meldt at avdelinga i Sykkylven vil kome med eit fint knippe deltakarar til MiniKonrad laurdag 30.april
Kva nasjonar dette gjeld får vi kome tilbake til, men arrangøren lovprisar den lokale Redd barna-avdelinga sitt engasjement.
-
Dette er godt hjelpearbeid i praksis, seier friidrettsleiar Alf Petter Bøe, i ein kort kommentar til laget si nettside.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024