Bli med på premie-støtte til Konradløpet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2022
I samband med dei to Konradløpa deler Velledalen IL ut premiar for nærare 50 000 kroner. Under MiniKonrad vert alle premiert, pluss det vert delt ut ekstra-premie til beste gut og beste jente mellom dei som spring på tid.
Under hovudløpet vert dei tre beste kvinnene og dei tre beste herrane premierte (i år med pengepremiar). Vidare kjempar alle deltakarar om å vinne ein kvilestol frå IGM Ekornes av høg kvalitet. I tillegg vert det trekt temmeleg mange premiar på startnummer, premiar som ikkje går på fart. Og til slutt må nemnast all den faste premieringa (diplom 1.løp, sølvmedalje 3.løp, gullmedalje 6.løp, 10 års premie og 15 års premie). Vidare plar det vanke premiar til alle deltakarar over 80 år, og alle med Konrad som føre-eller mellomnamn + ei og anna overrasking.
Sidan sist Konradløp har Velledalen IL mist premiesjefen sin på tragisk vis. Saknet og tomrommet etter Odd-Kåre Fet er enormt. Det er no i sluttfasen før eit nytt arrangement vi verkeleg ser den jobben han har gjort.
Om nokon uoppfordra vil støtte oss med gåvepremiar/pengegåver er vi særdeles takksame. Kontakt i så fall Alf Petter Bøe i friidrettsgruppa eller VIL-kasserar Henning Tandstad. Eller ein kan:
Eller ein kan vippse valfri sum til: 100921
Eksempel: Vippsar du ein 100-lapp har du betalt 2 stk MiniKonrad-premiar – gull verdt for oss
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024