Enorm deltaking i Sjutoppsturen på Sandsøya

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2022

Arkivfoto
På deltakarlista for mosjonsbiten av arrangementet fann vi kjende sykkylvsnamn som Nancy Eggen, Berit Flaten og Torill Skjeret. Eggen har hatt VIL-rekorden på halvmaraton i mange sesongar heilt til May Evy Nesheim slo den i 2021, Flaten har mann frå Velledalen medan Skjeret er kjend mellom anna frå Velledalskoret.

Sjutoppsturen i konkurranseklasse fekk denne gongen fattige 33 fullførande. Mellom dei Velledalen IL sin friidrettsleiar, Alf Petter Bøe. Han var saman med Mathias Røsberg Mauren dei einaste frå Velledalen IL denne gongen. Her er nokre tider:
1.27.06: Jonas Hesthaug, Eidsdal IL – bestetid i løpet
1.46.37: Ingrid Festø, Bodø Bauta løpeklubb – bestetid kvinner
1.56.08: Asbjørn Ekerhovd, Bremanger – klassevinnar M 50-59 år
2.07.20: Alf Petter Bøe, Velledalen IL – nr.4 klasse M 50-59 år og nummer 17 totalt
2.26.52: Mathias Røsberg Mauren, Velledalen IL, - nr.7 i klasse M 25-39 år.
2.34.47: Liv Hilde Vågsæter, Stranda IL, - nr.4 klasse K 25-39 år

I ein kort kommentar til VIL-Nett seier herr Bøe fylgjande:
 -  Nei, dette kan eg ikkje vere nøgd med. Det er meir enn 13 minutt svakare enn bestetida mi i løpet.
 -  Eg er for forsiktig i nedoverbakke-springinga. Kanskje snart på tide å gi seg med fjell-løpinga…?