Ventar mange frå Stranda kommune til Konradløpa i 2022

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2022

Personar frå Stranda kommune har markert seg sterkt under dei ulike Konradløpa. På kvinnesida har utøvarar frå Sunnylven IL jamt vore i teten med namn som Anniken Hjellbakk Hole, Kristine Hjellbakk Hole, Hege Ringdal og Kari-Anne Tryggestad Ryste. Kristine Hjellbakk Hole sit på kvinnerekorden i løpet med sterke 16.59. Knut Anders Hatlen, Stranda IL, har levert den beste offisielle tida av nordmenn med 16.48. Ei tid Njål Torillson Tyssing slo med god margin( 14.29) under årets PåskeKonrad. Men sidan rekordar berre kan setjast under offisielle løp, står framleis Knut Anders-tida 14.48, som norsk bestenotering. Berre Ebrahim Abdulaziz frå Eritrea har to gonger gjort betre, 14.11 og 13.30.

Men den STØRSTE Konradløparen på Stranda-sida av fjellet er Robert Sve. Han står med 14 deltakingar, og er mellom ganske få som skal ha 15 års premie om han stiller. Og det gjer Robert, han er i alle høve komen på deltakarlista. Sist Robert deltok, noterte han 19.35 som slutt-tid. Kanskje smyg han seg under 20 minutt denne gongen og.

Ein annan strandar som heilt sikkert kjem under 20 minutt er Roger Vangen. Han debuterte i 2019 med tida 20.01. I 2018 greidde han 19.05. Medan han under PåskeKonrad på Skjærtorsdag leverte 18.37 – ei fin utvikling for Roger som alt har meldt seg på, og som er kvalifisert til Konradmedaljen i sølv for tre løp. Deltakarpremiane er heilt uavhengig av tid, her er det deltaking som gjeld. Og vi kan nemne at søstrene Shreijer (Hedda og Ylva) er kvalifiserte til Konradmedaljen i gull om dei stiller. Det same er Kari-Anne Tyggestad Ryste som alt er påmeld. Det same er Siw Vangen. Anea og Jan Ove Aslaksen er mellom dei som skal ha Konradmedaljen i sølv om dei stiller. Merk at alle utmerkingar i Konradløpet er gratis og bakte inn i startkontingenten saman med frukost:
1.gong: Konrad-diplomen
3.gong: Konrad-medaljen i sølv
6. gong: Konrad-medaljen i gull
10.gong: 10 års premie
15.gong: 15 års premie

Under PåskeKonrad stod Hanne Vangen frå Stranda for beste kvinnetid med fine 21.17, i det som for henne var debuten i løypa. Ho kunne fortelje til VIL-Nett at ho var student i Trondheim og diverre ikkje kunne stille under hovudløpet 1.mai, men at PåskeKonrad var kjekt og gav meirsmak. Raskaste strandar under PåskeKonrad var Bjørn Arve Brune med tida 18.23. Bjørn Arve spring for Velledalen IL, og er ein kar vi heldt høgt. Ein særdeles sterk og veltrena veteranløpar på langdistanse.

Det er venta ein stor kontingent løparar frå Stranda kommune til årets Konradløp. Og dei er hjarteleg velkomne. Anten til:
MiniKonrad 30.april klokka 16.00 (påmelding før start), eller:
Konradløpet 1.mai med start klokka 05.00 frå Brunstad