Englevakt både for Constantin og Jakub
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2022
Eit menneske vert lite og svakt i eit stort snøskred. Det har både Constantin Rust og Jakub Helj fått erfare – og skildra - denne vinteren. Begge er aktive i Velledalen IL. Constantin som sterk løpar, Jakub som o-løpar. Constantin er student i Tromsø og det var i Troms-fjella han vart teken. I ei smal renne, saman med fire andre. Constantin kom heldig frå det, med andre i fylgjet fekk brotskadar. Den verst råka fekk alvorleg skade og låg i koma etter ulukka.
Jakub Helj skulle gjere ei nedkøyring frå Risenosa på Viddal i Hjørundfjorden då han vart teken. Heldigvis fekk han løyst ut «airbagen». Ferda med fonna har han skildra på Facebook. Ei hending som IKKJE freistar å gjere opp att.
Onsdag 13. april skal Velledalen IL dele ut siste prisane frå Idrettsgallaen som ikkje kunne avviklast på tillyst dato grunna korona ved årsskiftet. Staden er Ungdomshuset Vårvon i Straumgjerde (kl 19.00). Der skal Constantin ha pris som «Årets unge Utøvar» i Velledalen IL i 2021. Jakub skal ha pris som «Årets Nykomar» (Ein pris han deler med Olga Decyk). Vi er glade for å framleis ha Constantin og Jakub mellom oss. Det kunne fort gjort vorte ei dyster påske.
Skredfaren vil ikkje akkurat vere liten i fjellet dei næraste dagane. Vi oppmodar alle om å syne aktsemd!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024