Litt om deltaking i kraftprøver utover sommaren
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2022
Arkivfoto
I løpet av sommarhalvåret vert det arrangert ei rad kraftprøver. I dag skal vi nemne nokre av dei, og presentere påmelde frå Velledalen IL. Dette er førebels påmelde, så deltakartalet frå Velledalen IL kan bli langt høgare:
11.JUNI 2022: GEIRANGER FRÅ FJORD TIL FJELL
Nibbeløpet: Per Inge Bjørnestad, Alf Petter Bøe, Maciej Decyk og Fridtjof Fredriksen
Nibberittet: Jan Erik Bårdsgjære, Sykkylven SK
Både løpet og rittet er 21 km med ei stigning på 1500 høgdemeter
9.JULI 2022: HORNINDAL RUNDT
Førebels ingen påmelde frå Velledalen IL
Lengste løypa i Hornindal Rundt er 75 km og har 5600 høgdemeter stigning
16.JULI 2022: 1851 OPPNED NORDDAL
Torvløysa skyrace 1851moh: Ole Martin Korsnes
Her spring ein opp på fjellet Torvløysa (1851 moh) og ned igjen
5. og 6 AUGUST: STRANDA FJORD TRAIL RACE
12 km: Førebels ingen frå Velledalen IL (start kl. 14.00)
25 km: Henning Tandstad og Anders Wigdahl (start kl. 011.00)
48 km: Ole Martin Korsnes (start kl. 08.00)
100 km: Linda Hovde (start kl. 02.00)
Elles er det stor interesse kring Velledalen IL sine prøveløp over 12 timar og 24 timar. Truleg arrangert i juni månad på Ikornnes Idrettspark. Sjølv om desse løpa er paddeflate, må dei omtalast som kraftprøver.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024