24 timars løp i Sykkylven i 2022
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2022
Arkivfoto
Fleire av VIL-utøvarane har hatt langløp-trening i Andestad-stranda under konseptet «last man standing». Dette har vore arrangert minst eit par gonger, med trioen Bjørn Arve Brune, Frode Hoprekstad og Per Inge Bjørnestad som dei fremste sjølv-pinarane. Men langt fleire har delteke i deler av løpet.
I løpet av året vil Velledalen IL etter alle solemerke arrangere eit 24 timars løp. Konseptet er at ein skal legge bak seg så mange kilometer ein klarer på 24 timar. Søvn, matinntak og pauser vert opp til den einskilde å bestemme. Alle detaljane er ikkje klare enno, men løpet vil finne stad på Ikornnes Idrettspark. Så blir det å finne eit sikkert system for teljing av rundar – noko Lars Inge Sæther alt jobbar med.
Alf Petter Bøe i friidrettsgruppa seier til VIL-Nett:
- Truleg vert det både 12 timars og 24 timars løp. Deltakinga vert neppe enorm, men det vert eit interessant forsøk no fyrste året. Så får vi sjå om det er noko vi går vidare med.
Frode Hoprekstad er optimist, og trur han kan vere kapabel til ein distanse på kring 200 km i løpet av 24 timar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024