Stormønstring på løps-fronten i Ålesund 7.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2022
Hittil har godt over 450 utøvarar meldt seg på løps-festen i Ålesund 7.mai 2022. Ein kan velje i heile fire distansar; 5 km, 10 km, halvmaraton og maraton. Førebels har fylgjande sykkylvingar meldt seg på:
10 km:
Nils Harald Ånstad
Karoline Kjersheim Brunstad
Vegard Riksheim Tandstad
Ane Cecilie Vemøy
Hege Nordang
Karen Sofie Josefsen
Halvmaraton:
Kristin Dvergsdal
Alf Petter Bøe
Fridtjof Fredriksen
Mathias Haddal Hovet
Øyvind Skarbø
Frå Velledalen IL er Alf Petter, Fridtjof og Vegard påmelde. Vi reknar med det vert langt fleire.
Rykta seier – vi presiserer at dette førebels er rykte – at ein 18-åring kjem til å debutere på heilmaraton for Velledalen IL denne dagen. I så fall den yngste som nokon gong har sprunge heilmaraton for VIL.
Sidan personen det gjeld enno ikkje er påmeld, skriv vi ikkje meir om saka i denne omgang.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024