Nesten «dødt løp» mellom Svein og Fridtjof etter 190 km
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2022
Arkivfoto
Dette er ei sak for dei spesielt interesserte. Men har nokon hatt kjensla av at Svein Arne Nakken og Fridtjof Fredriksen denne sesongen har vore ganske så jamgode, kan vi dokumentere at dette er ein heilt rett observasjon.
Etter tre renn - på samla 190 km - skil det 3minutt og 55 sekund mellom karane.
Furusjøen Rundt, Vasaloppet og Birkebeinerrennet er samla nokså nær 190 kilometer. Ein fæl distanse, vil somme meine.
Svein har i 2022 gjort unna desse renna på tida 12 timar, 13 minutt og 46 sekund (2.41.10 + 5.37.55 + 3 54.41)
Fidtjof har i same år (2.44.32 + 5.33.19 + 3.59.50), som samla gir 12 timar, 17 minutt og 41 sekund.
Ser ein på avstanden mellom dei to VIL-veteranane per kilometer, vil ein for året 2022 finne:
At Svein har vore 1,24 sekund raskare enn Fridtjof per kilometer.
Med andre ord så godt som dødt løp
Og for dei spesielt interesserte; vi har sjekka kva same «gutane» brukte som samanlagt-tid i same renna i 2018. Tala er slik:
Svein: 11.49.48
Fridtjof: 13.54.56
Det er dette ein kallar langløp!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024