Roger, Svein og Fridtjof går Birkebeiner-rennet laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2022
Det spesielle er at alle tre løparane er av 1966-årgang. Og dei konkurrerte mot kvarandre alt på 1970-talet; trioen Roger Malvin Hole, Svein Arne Nakken og Fridtjof Fredriksen. Dei stiller i klasse M 55, som betyr aldersgruppe 55-59 år.
Laurdag vil nettsida fylgje dei på turen frå Rena til Lillehammer med passeringstider frå dei ulike melde-stasjonane.
Men vi skal óg fylgje med på andre løparar som Torstein Hole (Emblem IL) og Arild Hansgård. Sistnemnde er son til Alvhild f.Hole, som betyr at Elling og Håvard Hole er onklar, Ingunn Hole Hunnes tante. Torstein og Hanne Ulset vert syskjenborn av Arild, som går i klasse 60-64 år. Og ikkje nok med det, herr Hansgård går heile distansen utan festesmurning, fortel Roger Malvin.
Velledalen IL ynskjer lukke til på laurdag
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024