Solid VIL-tropp spring i Ålesund i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2022
Arkivfoto
Vinteren er på hell. I alle fall somme stadar. I dag vert siste løpet i Ålesund Vinterkarusell arrangert. Start klokka 14.00 i Fremmerholem. Distansane er som før valfrie; 5 eller 10 kilometer.
Klokka 10.30 i dag stod det 20 namn på påmeldingslista. Av desse fire utøvarar frå Velledalen IL:
18-19 år: Sivert Mosby Nakken – 5 km
30-34 år: Vegard Tandstad – 5 km
55-59 år: Svein Arne Nakken – 5 km
60-64 år: Anita Holmberg – 5 km
Ein kan melde seg på heilt fram til løps-start. Som betyr at det fort gjort kan bli fleire enn fire frå Velledalen IL.
Resultata kjem på nettsida i løpet av ettermiddag/kveld.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024