Siste løpet i Ålesund Vinterkarusell går laurdag 12.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2022
Arkivfoto
Velledalen IL vert som vanleg representert. Med kor mange løparar er enno heilt uvisst. Det VIL-Nett veit, er at Anita Holmberg har meldt seg på. Og at Vegard Tandstad skal. Begge på 5 km. Ein kan melde seg på heilt fram til like før start løps-dagen.
Startskotet smell klokka 14.00. I skrivande stund er det ganske få påmelde, men vi trur deltakinga vert bra. Det er vår i lufta som betyr våryre løparar. Gå inn på «ålesundsløpene» og meld deg på, eller ved frammøte i Fremmerholen i rimeleg tid før start.
PS. Hadde vore kjekt om vi kunne stille med nokre av våre yngste løparar også. Løparar ned mot 10 års alder bør ha fylgje av vaksne.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024