Knall-løp av Njål under «Rekordløpet» i Lier
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2022
Njål i full peis
I Velledalen IL vert alt rekna om til Konradløp-tider. VIL-kasserar Henning Tandstad sin omreknings-tabell seier at Njål med tida 33.57 på 10 kilometer, er god for 14.44 under Konradløpet. Vi minner om at bestetida nokon sunnmøring har gjort under Konradløpet lyder på 14.48 (Knut Anders Hatlen, Stranda IL)
Rekordløpet i Lier var arrangert sundag 6.mars. Distansane var 5 km, 10 km og halvmaraton. Og det vart sprunge fort på alle distansar.
Her er resultatlista for dei 10 beste på 10 km:
1.
Henrik Nilsson, Sp Vidar, 32.48
2.
Erlend Berger, Sp Vidar, 32.50
3.
Pål Erik Johnsen, Sp Vidar, 33.47
4.
Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, 33.57
5.
Simon Vogel, Ski IL, 34.14
6.
Simon Pedersen, Sp Vidar, 34.20
7.
Erik Blom-Dahl, Kolbotn sykkel, 35.00
8.
Tobias Nymo Melseth, 35.05
9.
Øyvind Thyri, 35.25
10.
Tord Krogtoft, 35.52
Ei tøff liste. Fyrst tre utøvarar frå «stormakta» Sportsklubben Vidar. Så ein frå Velledalen IL. Bravo Njål! Altså nummer fire totalt og nummer to i klasse 40-44 år.
Men tek vi ikkje mykje feil, har vi enno ein utøvar med band til Sykkylven på denne lista. Nemleg Tobias Nymo Melseth. Vi trur han kan vere son av Håkon Melseth (to gonger vinnar av Konradløpet). I så fall er Frank Melseth bestefaren og Rolf Melseth oldefaren. Håper nokon kan stadfeste - eller avkrefte – dette. Ut frå resultatlista så er Tobias klubblaus (merk det AP Bøe).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024