Vasalopp, halvmaraton og fødselsdag-feiring
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2022
Vi startar på Kongsberg. Der fyller allsidige Roger Vanebo i Austlands-avdelinga år. Ikkje jubileum, men like fullt fødselsdag. Velledalen IL gratulerer.
I Sverige skal Fridtjof og Svein gå Vasaloppet i dag. 90 km frå Sälen til Mora. Dei har med seg ein strandar i teamet, nemleg Geir Verpeide. Alle spreke, godt modne menn. Vi snakke med Svein like før avreise:
- Eg trur ikkje nokon av oss vert stoppa av «repet». Personleg har eg eit håp om å kome under fem timars grensa, sa Svein til VIL-Nett fredag føremiddag.
Starten gjekk 08.00 i dag tidleg.
I Ålesund spring Alf Petter Bøe, Per Inge Bjørnestad, Frode Mauren og Sivert Mosby Nakken halvmaraton for Velledalen IL, med start klokka 14.00. Andreas Mosby Nakken kan diverre ikkje stille grunna korona. Synd, Då Andreas var i kjempeform og kunne gjort ei kanontid her.
Kan hende fleire stiller i Ålesund, då ein kan melde seg på heilt fram til start. Distansane er 5 km, halvmaraton og maraton.
Du held deg oppdatert på VIL-Nett utover dagen
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024