Markant velledaling fyller 85 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2022
Det herskar litt uvisse i Velledalen kva dagens jubilant eigentleg heiter – Jon eller John. Begge deler vert mykje brukt. Personleg slo vi opp på 1881 for ein sjekk.
Der stod det at namnet er Jon Sverre – altså Jon utan h. Det vert brukt i resten av artikkelen, feil eller ikkje.
Jon kom frå bruket Reitane, og trødde såleis barne- og tenåra mest på Hole. Då han kom så langt som til stifting av familie, vart adressa Brøvoll. Her skal vi ikkje dvele mykje ved livet til Jon i unge år. Men finn det rett å nemne at han ser VESENTLEG yngre ut enn 85 år. Kvifor….?
Jau, Jon har gjennom livet gått mykje. På strekninga Brøvoll – La – Hole, vert han rekna som ein aristokrat. Der har han gått meir enn mykje. Grubla, filosofert og prata med menneska han trefte etter vegen. Såleis kunne ein tur på denne strekninga ta uendeleg mange timar.
Jon er Velledalen sin symjebasseng-baron. Berre Jon eig både innandørs- og utandørs-basseng i Velledalen. Kor glad han er i å bade veit vi lite om.
Vi veit langt meir om kva han likar på andre felt. Saman med kona Reidun er Jon den personen i Velledalen som har vanka mest i kulturhusa i Sykkylven og nabobygda Stranda. Han likar dans, og har den dag i dag vanskeleg for å forstå at ingen i Velledalen ville føre Svingfoten vidare. Song og musikk – korpsmusikk spesielt – ligg hjartet hans nær. Han likar å kjenne historia til menneska han har rundt seg, og har tenestegjort i Velledalen Sogelag. Han har tre år bak seg som formann (som det heitte den gongen) i Velledalen IL på siste halvdel av 1960-talet.
Jon har sjølv sagt:
- Det eg likar minst, er alt som kan målast i meter og centimeter, minutt og sekund.
Men han likar den gode praten. At folk trur dei har mangel på tid, står ofte i vegen for nettopp; den god praten.
Jon Sverre har 15 deltakingar i Konradløpet. Eit høgt tal for ein mann i hans alder. I samband med gratulasjonen finn vi det rett med ei historie fortald etter eit Konradløp.
Det er jubilanten sjølv som fortel:
- Eg sat der no nedpå ditta grendahuset med frukost etter løpet.
- Eg tok ein pakke juice og slo opp i glaset. Og drakk.
- Men så såg eg at det stod COOP på kartongen.
- Og då var det mestå so eg vart o-vel.
Slik lyder ein velledals-patriot sine ord!
Diverre er det uro i Europa på Jon sin 85 års dag. Krig er ingen framand tilstand i Jon sitt liv. Det er sjølv-opplevd. Sidan Jon er skrivefør over gjennomsnittet, avsluttar vi med hans gode Idrettsminne til Velledalen IL sitt 100 års jubileum. Stykket heiter «Kappgang for fred», og skildrar ei hending som sit spikra. Frå Velledalen, frigjeringsvåren 1945.
Les idrettsminne her
Gratulerer med 85 års dagen, Jon Sverre Holmberg!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024