Solid av Fridtjof og Svein rundt Furusjøen
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2022
https://www.furusjoenrundt.no/startlister-furusjoen-rundt-rennet/
Rennet markerte som eit come back etter to års covid-pause for trioen.
Irene gjekk 20 kilometer utan tidtaking i trimklassa. Ho fullførte i fin stil – med spikarfeste og lite gli. Slik det gjerne blir med felleski på kaldføre.
Svein og Fridtjof gjekk som 262 andre den lengste distansen på 45 km, som også var seedingsrenn for mellom andre det komande Vasaloppet (90 km) frå Sälen til Mora i Sverige. Begge desse «gutane» var mellom 28 fullførande i klasse 55-59 år. Av heile hurven som gjekk 45 kilometer vart Svein nummer 113, Fridtjof nummer 122. Pene resultat av modne menn. Nokre resultat frå rennet:
Beste herre: Amund Riege, Rustad IL, 1.57.09
Beste kvinne: Karoline Simpson – Larsen, 2.18.57
Beste sunnmøring: Bjørn Lundanes, Emblem IL, 2.09.49 i klasse 25-29 år
Klasse M 55-59:
1. Geir Strandbakke, Lillehammer Skiklubb, 2.10.47
2. Anders Karlsen, Karlsen & Nordseth, 2.11.03
3. Jan Byrkjeland, Røa IL, 2.19.33
4. Rune Vele, Strindheim IL, 2.22.15
5. Olav Hasund, Asker Skiklubb, 2.25.04
6. Johan Henrik Lundbø, Strindheim IL, 2.29.58
11. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 2.41.10
13. Fridtjof Fredriksen, Velledalen IL, 2.44.32
28. Erik Sønsteby, Brøttum IL, 3.33.43
Klasse 60 -64 år (25 fullførande)
13. Geir Verpeide, Stranda IL, 2.56.20
Klasse 65-69 år (10 fullførande)
5. Harald Starheim, Valldal IL, 2.47.49
VIL-Nett hadde ein kort samtale med langrennsleiar, Svein Arne Nakken, i bilen på veg heim laurdag ettermiddag. Han rapporterte om ein vel tilfreds trio, finfine forhold, med seks, sju minusgrader under rennet
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024