Ein av VRF sine KM-vinnarar frå 1965 har gått bort

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2022

Ikkje mange dagane etter at VIL-Nett har fortalt soga om at VRF vart KM-vinnar og Distriktsmester i 4.divisjon fotball 1965, kjem meldinga om at ein av spelarane på dette laget, Arthur Kornberg, er død. VRF sitt 1965-lag hadde ikkje mindre enn tre brødrepar. Det var Odd-Kåre og Einar Fet, Lars og Bård Erstad og Arthur og Lars Kornberg. Truleg var det broren Lars – busett i Straumgjerde – som drog broren Arthur med i VRF for ein periode. Arthur var fødd 14.juli 1931, og såleis eldste spelaren på VRF sitt gode 1965-lag. Begge Kornberg-brødrene var dugande fotball-spelarar. Vi lyser fred over Arthur Kornberg sitt gode minne.

Sjå foto – truleg 1966: Ni lokale og to voldingar
Bak frå v: Bjarne Alnes, Sigbjørn Fet, Johan S. Grebstad, Odd-Kåre Fet, Lars Erstad og Rolf Lødøen
Framme frå v: Arthur Kornberg, Einar Fet, Erling Solsletten, Bård Erstad og Lars Kornberg